AVLYST: «Spel slåtten min, Olav» - eit portrett av spelemannen Olav Håstabø med Knut Hamre og Nils-Erik Kvamme

Arrangementsinformasjon

Året er 1899. Olav Håstabø ventar på at kona Guro skal kome tilbake etter eit ærend i Folkedal. Olav veit det går mot slutten av livet. Kva har han gjort? Kva vil stå att etter han? Nye retningar innan folkemusikken har fanga ungdommen – han kjenner seg gløymd. Dette er fundamentale spørsmål han stadig undrar over der han står på Brakahaugjen på Hamre og let tankane svive tilbake til hendingar og menneske han møtte i sitt liv som spelemann.

Me veit i dag at slåttane etter han levde vidare, og sjølv 120 år seinare står dei som pillarar blant unge spelemenn over heile landet. Olav Håstabø (1826-1899) frå Løfloten i Hardanger har vorte ståande som ein av dei største spelemennene i regionen gjennom alle tider.

Ingen er betre rusta til å formidle den verdifulle musikalske arven etter Håstabø enn meisterspelemann Knut Hamre, som i tillegg til å vera blant dei aller beste hardingefelespelarane i landet òg er ein sentral aktør og pioner innan forskning på folkemusikktradisjonar frå Hardanger.


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte