UTSATT: Sniálvur Joanesarson (song) // Hazelius/Hedin på Osascena

Arrangementsinformasjon
ARRANGEMENTET ER DESSVERRE UTSATT PGA. KORONASITUASJONEN. 
                                                                       

Sniálvur Joanesarson (song)
Sniálvur kjem frå Færøyene og hamna på Voss på tidleg 60­tal saman med ein leikarring, for å vitje folkehøgskulen. Han byrja på skulen året etter, møtte kona Kari og vart veranda her i bygda, med jobb som røyrleggjar og sauebonde på Kvåle. Han kjem til Osascena for å gje publikum ein grundig innføring i korleis song har vore brukt i Færøysk tradisjonsmusikk. Gjennom kveding og ord får me vite meir om middelalderballadar, dei tette musikalske banda mellom Færøyene og Noreg og kva omkvede som skapar den beste feststemninga på Færøyene!
                                                                                             

Hazelius/Hedin                   

Songar og strengemeister Esbjørn Hazelius i skjønn foreining med nøkkelharpevirtuosen Johan Hedin. Stort betre vert det ikkje! Dette er to av dei dyktigaste og mest etablerte folkemusikarane i Sverige. Med blendande musikalitet, nydeleg tostemd song, tøft driv og fargesterk framtoning framførast svenske viser og danselåtar betre enn nokon gong før.                           

Dei gav sin fyrste konsert saman i 2008, og har sidan den gong spelt fleire hundre konsertar i Norden og Europa, på alt frå
intime folkemusikklubbar til store festivalar og konserthus. På sisteplata Jorland (2018), som vart nominert til Grammis, finn ein både tradisjonell folkemusikk og eigenkomponerte låtar – alt framførd med det magiske, virtuose samspelet som kjenneteiknar Hazelius/Hedin.

Esbjørn Hazelius trakterer både cittern, violino d’amore og gitar, og er kjend frå band som Quilty og Eitre. Han har medverka i
Jul i Folkton­prosjektet, og har vore den «musikalske motoren» til Sofia Karlsson i ei årrekke. Johan Hedin er aktiv som medlem og initiativtakar til folk­barokkensemblet Silfver og verdsmusikkgruppa Bazar Blå. Han har laga over 20 plater i eige namn, i tillegg til samarbeid med Gunnar Idenstam, Ale Möller og Jonas Knutsson.


                                                           

    

Restriksjoner

20 års aldersgrense på Tre Brør Bar

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte