Osafestivalen 2019

Arrangementsinformasjon

Osafestivalen vert skipa til for 29. gong i dagane 24.- 27. oktober 2019.

Gå inn på heimesida vår for program og info:

www.osafestivalen.no

Våre oppgitte prisar syner billettpris inklusiv billettgebyr til TicketCo, altså totalkostnad for deg som kunde. 


INFO BILLETTAR

FESTIVALPASS Gjeld for alle arrangement under festivalen dersom ledig kapasitet, med unntak av: ”Mat, musikk & vin”, "Osa på Hangurstoppen" & Figurteateret  "Nattergalen og rosen". Mat på soloscena "Bjølleslåtten" og frukost på Tre Brør sundag må kjøpast separat på konsertstaden.

HUSKORT Det vil bli solgt huskort til opningskvelden på Ole Bull Akademiet torsdag og klubbkvelden i Gamlekinoen fredag. Det er ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til kvar einskild konsert desse to kveldane. Ein kan kjøpe huskort eller enkeltbillettar til dei to førestillingane i Osasalen sundag.

ENKELTBILETT Gjeld for den aktuelle konserten. Enkeltbillett garanterer
plass fram til 10 min. før konsertstart, så møt opp i god tid.

PLASSBILLETTAR  Gjeld gjester med festivalpass. Dei som har kjøpt festivalpass kan kjøpe plassbillett for å vera sikra å koma inn på følgande konsertar: "Urtonen" på Tre Brør Bar, klubbkveld i Gamlekinoen, Knut Buen på Sævelid, Poul Høxbro "Fløjtens Magi" på Tre Brør Bar, Alf Cranner og knut reiersrud band. Denne garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart. Få plassar, vær tidleg ute med å sikre deg plass. 

NB Billettar/påmelding til Mat, musikk & vin vil berre gå gjennom Park Hotel via telefon 56 53 10 00 eller epost til resepsjon@parkvoss.no.

NB 2 Billettar til "Osa på Hangurstoppen"kan tingast https://vossresort.skiperformance.com/

NB 3 Det vert berre seld huskort til torsdagskvelden og klubbkvelden i Gamlekinoen på fredag. Det er altså ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til dei ulike konsertane desse to kveldane. Begge kveldane inngår i festivalpasset. Plassbillett kan kjøpast til klubbkvelden for dei som har festivalpass.

FØLGJEKORT Fritt tilgjenge/fribillett for følgjeperson til
funksjonshemma/ rullestolbrukar. Gyldig følgjekort må visast ved
billettkjøp. Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje
festivalkontoret på Ole Bull Akademiet på tlf 56 51 65 00. Det er kun
Billettkontoret som kan skrive ut fribillettar.

osa
osafest
osafestivalen
olebull
voss
vossa
folkemusikk
folkedans
worldmusic
barokk
barokkmusikk
folkemusikkpub

Restriksjoner

18-års aldersgrense i Gamlekinoen og på Ole Bull Akademiet etter kl.
18:00. Personar under 18 år må gå i fylgje med godkjent verge.
Vergepapir må medbringast.
Born under 15 år gratis (gjeld ikkje familiekonserten, fredagskveld i
Gamlekinoen og laurdagskveld på Ole Bull Akademiet).

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endringar i programmet.