page view image

Bukkene Bruse akustisk i Finnesloftet, Osascena

Informasjon
event image

Etter at Bukkene Bruse gjenoppsto i det originale trioformatet på Osafestivalen 2020, kjem gruppa attende til Voss og Finnesloftet i juni!

Bukkene Bruse vart skipa i 1989, av Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Trioen fekk raskt mykje merksemd, og representerte Noreg i utlandet ved fleire høve. Dei har vore på Kina-turné, dei var offisielle OL-musikarar under Lillehammer-OL i 1994 og dei reiste rundt med Dronning Sonja sin Vinterutstilling til Atlanta, Tokyo, Barcelona og München. Dei var ofte framme i media, gav ut fem album, og dei har motteke både Spellemann-pris og Prøysen-pris for musikken sin. Bjørn Ole Rasch kom med i gruppa i 1996. Til Finnesloftet kjem gruppa i det originale trioformatet. 

Me gler oss stort til å høyre denne legendariske trioen akustisk i Finnesloftet

Annbjørg Lien– hardingfele, nyckelharpa
Arve Moen Bergset– kveding, fele, hardingfele
Steinar Ofsdal – fløyter

Foto: Morten Krogvold

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert