Aslak Brimi Kvartett med Mari Midtli på Osascena

Arrangementsinformasjon

ASLAK BRIMI KVARTETT LANSERER NYTT STUDIOALBUM

Brimi og Odde er av dei mest aktive spelmennene vi har, og saman med Espen Wensaas på cittern og Svein Tore Werstad på saksofon kjem dei endeleg attende til Voss! Aslak Brimi Kvartett vart Spellemann-nominert for sitt forrige album, og nå kjem dei med ny og spennande musikk på albumet ISOMERI. Det er melodiøst og velspelt, og tydeleg inspirert både av slåttespel frå Gudbrandsdalen og kammermusikk. Denne gongen har kvartetten også med seg Mari Midtli!

Aslak Brimi, fele
Bjørn Kåre Odde, fele/bratsj
Espen Wensaas, cittern/gitar
Svein Tore Werstad, saksofon
Mari Midtli, vokal

SMITTERVERN OG KJØP AV BILLETTAR
Konserten skjer i tråd med retningslinjer frå Folkehelseinstituttet for å hindre smitte. Vi ber alle som har høve til det om å kjøpe billett på ticketco i forkant. Det vert ikkje høve til å kjøpe sesongkort for Osascena våren 2021.

HUGS: Hald avstand - antibac på veg inn og ut av konsertlokalet - bli heime om du er sjuk - ta vare på kvarandre

Arrangør: Osascena
Osascena er støtta av Norsk Kulturråd.

Konsertstart: 20:00
Dører: 19:30


Restriksjoner

18 års aldersgrense. Personar under 18 år i følgje med verge.

Ansvarsfraskrivelse

Ved avlyst arrangement blir billetten refundert. Billettavgift vert ikkje refundert.