Amalie Kinsarvik (solo) // Elias Akselsen (solo)

Arrangementsinformasjon

Velkomen til dobbeltkonsert  på Tre Brør Bar!

Amalie Kinsarvik (durspel) er blant dei fremste utøvarane i den nye generasjonen i norsk folkemusikk. Ho byrja å spele i fjerdeklasse, og det tok ikkje lang tid før ho viste stort talent. Ho har vore med på Landskappleik og Landsfestival sidan 2013, med mange svært gode resultat – blant dei ein førsteplass i juniorklassen i 2017. 

Elias Akselsen er den viktigaste representanten for romanifolket (dei reisende) sin musikk- og kulturtradisjon i Noreg. Det er vanskeleg å ikkje verte treft av stemma hans: Den er klår og ærleg, med mykje kjensle og stor kraft. Gjennom sitt musikalske virke og ulike samarbeidsprosjekt på tvers av sjangergrensene byggjer han bru mellom det tradisjonelle og det moderne, og gjev stemme til dei utstøytte og forfølgde. Han er ein av 13 kunstnarar som er nominerte til den svært prestisjetunge Nordisk råds musikkpris 2019.

Restriksjoner

18 års aldergrense på Tre Brør Bar

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert