page view image

Crossing Grieg med Håkon Asheim & Nils Henrik Asheim på Osascena

Velkomen til ei musikalsk oppleving i Osasalen som vil treffe deg sterkt!

Information
event image
Brørne Håkon Asheim og Nils Henrik Asheim har over fleire år utvikla eit unikt prosjekt der hardingfela og pianoet kryssar vegar. Materialet er Edvard Grieg sitt arrangement av hardingfelemusikk, Slåtter opus 72. Resultatet, Crossing Grieg, formidlar dette repertoaret på ein ny og frigjerande måte.

Som lyttar er ein vitne til ei gjenskaping av musikken der og då. Ein høyrer liksom Grieg improvisere seg inn i feleslåttane og skape sine pianoversjonar gjennom vekselvis å lytte og spele. Gjennom heile programmet går brørne Asheim på denne måten ut og inn mellom dei to verdene, hardingfela og Grieg. Via improvisasjon lagar dei opninger i Grieg sin musikk som antyder kvar han kunne ha gått om  han hadde møtt hardingfela i ei anna tid.    

Håkon Asheim - hardingfele
Nils Henrik Asheim - piano


                         

    

Restrictions

Kjøpte billettar vert diverre ikkje refunderte.