AVLYST: Maria Jordalen (toradar) // Molsky’s Mountain Drifters på Osascena

Evenemangsinformation

ARRANGEMENTET ER AVLYST PGA.  CORONASMITTE-SITUASJONEN.

"Bruce Molsky is one of those great players who ‘gets it’: has all the links to the past, but is happy not to be chained to it"  Mark Knopfler

Fyrispel: Per Berge

Maria Jordalen (solo toradar)
Maria byrja å spele durspel allereie som sjuåring, og har sidan den gong utvikla talentet sitt saman med framifrå læremeistrar som Reidun Kathrine Devik, Kristoffer Kleiveland, Rannveig Djønne, Hilde Fjærdingøy, Amalie Kinsarvik Tvile og no Ingrid Standal Sørheim. Det er tydeleg at den unge durspelaren har nytta tida med meistrane godt, for ho er no blant dei aller beste i sin generasjon på dette instrumentet. I 2019 gjekk ho heilt til topps i juniorklassen i durspel under Landsfestivalen i gamaldansmusikk.

Molsky's Mountain Drifters
Kva var det som fekk storbyguten Bruce Molsky til å slutte på skulen og flytte frå Bronx i New York til ei lita hytte utan varmt vatn i Virginia på 70­talet? Jo, det var den brennande lidenskapen for ekte appalachisk fjellmusikk og eit sterkt ynskje om å lære om denne rike musikalske tradisjonen frå gamle pionerar og meistrar. Idag er Molsky ein av dei fremste og mest kunnskapsrike ambassadørane for den gamle tradisjonsmusikken frå bergtraktene i det som kallast Appalachia – innlandsområdet aust i USA som strekkjer seg frå New York i nord til Alabama i sør. Når han ikkje reiser verda rundt med fele, banjo og gitar, arbeider han som gjesteprofessor ved Berklee College of Music i Boston, innan fagfeltet amerikansk roots­musikk. Han har gjeve ut sju soloalbum og ei rekke samarbeidsplater, og han har blant andre spelt med artistar som Linda Ronstadt, Mark Knopfler, Bill Frisell og Jerry Douglas. Me gler oss stort til å høyre han saman med Molsky’s Mountain Drifters på Voss!

Bruce Molsky – fele
Allison de Groot – fele
Stash Wyslouch – gitar

Restriktioner

20 års aldersgrense på Tre Brør Bar

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte