Margunn Blikberg Nordgård (solo hardingfele) // Kajsa Balto trio på Osascena

INFORMACJE O IMPREZIE

Osascena ønskjer velkomen til sesongens første dobbeltkonsert på Tre Brør Bar. Vi er utruleg stolte av å ta i mot den samiske artisten Kajsa Balto på sjølvaste nasjonaldagen til samane! Dette er stort! Margunn Blikberg Nordgård opnar kvelden med solo hardingfelespel. 

Margunn Blikberg Nordgård
Med to foreldre som var aktive folkedansarar, vart ho tidleg dregen inn i folkemusikken. Allereie som sjuåring byrja ho med hardingfele – fyrst med Olav Selland som læremeister, og seinare Lars Skjervheim og Leif Rygg. Margunn har vore aktiv i Voss Spelemannslag heile sitt vaksne liv. Ho har eit stort repertoar og mykje erfaring; det vert spanande å sjå kva ho diskar opp med på denne solokonserten!

Kajsa Balto trio
Balto er ein samisk artist som vaks opp i Oslo. Denne splittinga har vore med å setje preg på det musikalske uttrykket hennar. Kajsa har ei sterk stemme og kjenslesterke bodskap som treff eit breitt publikum. Saman med trioen sin skaper ho magiske lydbilete som blandar samisk urkraft med moderne inspirasjon.

Kajsa Balto – vokal
David Aleksander Sjølie - gitar
Karoline Bjørhei – trommer, perkusjon

Restrykcje

20 års aldersgrense på Tre Brør Bar

Ograniczenia

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte