Trio Alde: Himlaleite (Gabriel Fliflet, Berit Opheim & Jorun Marie Kvernberg)

Arrangementsinformasjon

Trio Alde: Gabriel Fliflet, Berit Opheim & Jorun Marie Kvernberg
Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet

Trio Alde er tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.). No drar trioen på sleppeturne med si første plate: Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet. Her gir dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!

I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar. Velkomen til ein stemningsfull kveld i Osasalen!

Konsertstart: 20.00
Dører: 19.30


Foto: Thor Haukenes

Ansvarsfraskrivelse

Ved avlyst arrangement blir billetten refundert. Billettavgift vert ikkje refundert.