Irene Tillung (solo) / GKN5 / Folkemusikkpub

Arrangementsinformasjon

Irene Tillung frå Bordalen har stige til nye høgder på folkemusikkhimmelen dei siste åra. Saman med blant andre Tindra, Frøholm/Tillung, Maar og Eli Storbekken har ho turnert verda rundt, og gjeve ut til saman ni album. Sidan ho flytta heim til Voss; i 2015 har ho jobba stadig meir med komposisjon og filmmusikk. Den strålande sisteplata Hildersyn vart nominert til Folkelarm-prisen 2018. På plata hadde ho med seg «Ti på taket» – eit handplukka utval av musikarar frå øvste hylle innan norsk folkemusikk, jazz og klassisk – og trompetkongen Mathias Eick bak produsentspakane. Den 30. april skal ho presentere både tradisjonsmusikk og eit knippe eigne låtar, og me gler oss stort!

GKN5
Allereie som sjuåring byrja hardingfelespelaren Guro Kvifte Nesheim i lære hjå storspelemannen Salve Austenå (f. 1927) frå Tovdal. Gjennom utallige timar hjå felemeisteren har Nesheim lært slåttar frå den særeigne Tovdaltradisjonen som svært få andre kjenner. I 2018 laga ho plata Bestastovo for å dele desse musikalske skattane med omverda. Men ho nøygde seg ikkje med å tolke låtane åleine med fela: Ho sette saman gruppa GKN5 med nokre av favorittmusikarane sine frå folkemusikkmiljøet i Sverige, og skreiv nokre eigenkomponerte låtar i tillegg til Austenå-slåttane. Det fantastiske albumet er ein dynamisk, frisk og engasjert utforsking av ein særeigen og sjeldan slåttetradisjon – ikkje gå glipp av konsertversjonen!

Guro Kvifte Nesheim – hardingfele, hardanger d’amore
Thomas Eriksson – cittern, tolvstrengsgitar                                                
Anna Malmström – klarinett, bassklarinett
Anna Gustavsson – nøkkelharpe
Jens Linell – slagverk

Folkemusikkpub etter konserten - alle er velkomne til å spele eller berre høyre på!

trebrørbar
trebrørcafe
osafest
osafestivalen
olebullakademiet
folkemusikkpub
folkemusikk

Restriksjoner

- 18-års aldersgrense på Tre Brør bar
- Fri inngang for følgje til rørslehemma, ved framvisning av ledsagerbevis.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Med atterhald om trykkfeil og endring i programmet.