AVLYST: «Den felespelande grashoppa» marionetteteater under open dag på Ole Bull Akademiet

Arrangementsinformasjon

Eit stykke for dei unge og dei som er unge av sinn, inspirert av Janosch (ein tysk barnebokforfattar og -illustratør) sin versjon av Æsops fabel "Mauren og grashoppa".

Om sommaren er livet lett og fint for alle dyr og den felespelande grashoppa som spelar på hardingfela si heile dagen, men gløymer å bygge seg eit hus og samla mat til vinteren. Når vinteren kjem, går ho frysande rundt i snøen. Kven vil ta imot den stakkars grashoppa?

Med: Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) og Lukas Pawelka (hardingfele)

Førestillinga varar i om lag 20 min.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte