Arne Anderdal (solo) // Raabygg

Arrangementsinformasjon

Kva er vel betre enn å starte desember med skikkelig go'stemning på Tre Brør Bar? Gå for all del ikkje glipp av Arne Anderdal (solo) og Raabygg!

Arne Anderdal (solo)
Dei fleste kjenner nok til Arne Anderdal på Voss, anten det er gjennom virket hans som høgskulelektor ved Ole Bull Akademiet, frå konsertar med gruppa Baljelauget, eller solospel ved ulike tilstellingar. Ein er vel eigentleg ikkje ordentleg vossing før ein har høyrd Anderdal sin forrykande versjon av Fanitullen! Dette seier Anderdal sjølv om konserten på Tre Brør: «Heilt sidan eg starta å spela i Hemsedal Spelemannslag tidleg på 1980-talet har eg vore oppteke av folkemusikken som er brukt i Hallingdal. Her har fokuset vore å få i bruk musikk som har vore i dvale, men som heldigvis har vore bevart i arkiv. Folkemusikken frå Hallingdalen har alltid vore sterkt knytt til dans, så musikken eg spelar denne kvelden vil ha danseappell.»

Raabygg
Raabygg tek publikum med på ei reise i den mangslungne tradisjonsmusikken frå indre Agder. Dette vert røft, vart, dansbart og vakkert!Johanne, Tuva og Sigrid har lært slåttar og skrøner frå regionen på gamlemåten: Over bord med skvalpande kaffikoppar og hekledukar, på besøk hjå gamle heltar i indre Agder, òg kjent som det gamle Raabyggelaget.

Etter fem år saman har Raabygg opp-arbeida seg eit godt rykte som liveband. Trioen trakterer fleire instrument og byr på spennande musikalske arrangement. Dei har spelt på ei rad festivalar og enkeltkonsertar, og speler til òg til dans så fort dei har sjansen.Når dei speler saman er kjærleiken stor for både musikken og historiene som høyrer til. Samstundes er dei ikkje redde for å gå nye vegar med arrangementa sine. Raabygg meiner at dette er noko av det beste med tradisjonsmusikken: Det å kunne setje sitt eige avtrykk, samstundes som ein har fleire generasjonar med teft for hits i ryggen.

Johanne Flottorp - hardingfele, song, perkusjon
Tuva Færden - hardingfele, song, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore - song, harpeleik, munnharpe

Restriksjoner

18 års aldergrense på Tre Brør Bar

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert