page view image

Ludo + Tellefs Slåtter og reels på Osascena

Information
event image

Ludo spelar norsk og balkansk folkemusikk i spenstige og elegante arrangement. Gruppa hentar inspirasjon frå jazz og populærmusikk og er prega av eit tett samspel krydra med opne parti som gjev rom for improvisasjon. Musikken vekslar mellom varme stemningar og friske, utadvendte låtar.

Steinar Rygg - hardingfele og fiolin
Frode Hammersland - el-bass
Åsmund Espeland - gitar

Bandet Slåtter og reels spelar norske slåttar og irske reeler om kvarandre, som om det skulle vore den same musikalske tradisjonen - som det jo faktisk er i ein viss forstand. Nokre vemodige vise- og salmetoner i tillegg, og musikerane har alle høve til å utfalde seg i eit variert konsertprogram. Gå ikkje glipp av denne gjengen! Dette vert knallfint!

Tellef Kvifte - taragot
Magnus Wiik - gitar og banjo
Åsmund Reistad - bass
Knut Kvifte Nesheim - trommer

Restrictions

18 års aldersgrense

Waiver

Kjøpte billettar vert diverre ikkje refundert